Kajakkpadlarar onsdag ettermiddag
Kajakkpadlarar onsdag ettermiddag
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 34 - Rolland og Haukeland

Då var det gjort – sommarferien er slutt og leirskuleverda byrjar på nytt skuleår. Først ut denne «sesongen» var elevar frå Rolland og Haukeland.

Slik såg det ut i smia på bygdedagen
Slik såg det ut i smia på bygdedagen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Trass i at det er nytt skuleår og ny sesong for leirskule, er det framleis mykje som er likt når elevane kjem på leirskule. Ikkje alt er slik det var før sommarferien, men mykje. Den raude tråden gjennom leirskuleveka er framleis slik den var i juni – nemleg samanlikninga mellom fortid og notid. Me på leirskulen trur framleis at ved å ha kunnskap om vår eiga historie så fører det til betre forståing for notida – og igjen betre føresetnadar for å ta gode val i framtida. Det er noko med det «å lære av eigne og andre sine feil».

Produksjonen av plommesyltetøy klar for heimreise
Produksjonen av plommesyltetøy klar for heimreise
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Heilt konkret, på leirskulen, handlar det om munnleg historieformidling på utedagar, praktisk utprøving av aktivitetar utan tilgong til dagens teknologi og ikkje minst opplevinga av det gamle gardstunet på leirskulen sin eigedom, samt besøket i gamle Holdhus kyrkje på avreisedagen.

"Flåte" er ein god venteposisjon for kanoar på Gjønavatnet
"Flåte" er ein god venteposisjon for kanoar på Gjønavatnet
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Onsdag var dagen då den raude tråden kom aller best til syne – då var det nemleg tid for bygdedag. Elevane var delt inn i mindre grupper – de kvar gruppe fekk prøve seg på ein handverksaktivitet eller oppgåve slik den kunne sett ut for om la 150 år sidan. Nokre var i smia, andre var i bakstestova, ein gjeng var i gamleskulen, medan andre igjen dreiv med vedarbeid. I tillegg hadde nokon oppgåve å lage plommesyltetøy, andre var på trearbeidsstasjonen og andre igjen arbeidde ull. Som om ikkje det var nok, hadde ei gruppe i oppgåve å prøve ut arbeid som gjekk føre seg i og rundt eit gardstun. Kort sagt, stor variasjon i type aktivitet. 

I nærleiken av skjulestaden for våpen i Hålandsdalsfjella i 1944-1945.
I nærleiken av skjulestaden for våpen i Hålandsdalsfjella i 1944-1945.
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Som om ikkje dette var nok, har me vore igjennom to funne utedagar. Rolland sine elevar hadde ein dag til Kikedalen og ein dag med krigshistorie i Hålandsdalsfjella. Haukeland landa på at sine elevar skulle få oppleve Kikedalen og naturfagleg tema som handla om fisk og ferskvatn. Trass i at ikkje været har vore heilt på vår side dei to utedagane, har alle nådd sine mål for veka enten det var «til vanns eller til lands»…

I tillegg hadde me ein onsdag ettermiddag der Haukeland sine elevar fekk prøve seg på sjølvberging i vatn, medan elevar frå Rolland fekk bryne seg på enten fjellklatring eller kajakkpadling.

Bål i regnvær er fullt mogleg på leirskulen.
Bål i regnvær er fullt mogleg på leirskulen.
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Når no fredagen er her og det nærmar seg helg, er det ein blid, fornøyd og glad gjeng med elevar og vaksne som er klar for heimreise. 

Takk for no til både lærarar og elevar frå Rolland og Haukeland og lukke til med skuleåret vidare utover haust, vinter og vår.