Snart klar for båtlivet på Vengsvatnet
Snart klar for båtlivet på Vengsvatnet
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 35 - Rolland og Garnes

«Skal du få noko gjort – spør om hjelp frå ein som har mykje å gjere». Sitatet kjem frå ein handverkar som freista skildre eigen bransje. Merkeleg nok så har dette ei kopling til leirskuleveka.

Resultatet frå bygdedagens "fruktbønder"
Resultatet frå bygdedagens "fruktbønder"
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Aller mest handlar det om å bruke tida fornuftig. Prøve å luke ut det som betyr lite samt bruke så lite energi som mogleg på det som ikkje kan gjerast noko med. 

Ei leirskuleveke er travel – og det skal den vera. Det skjer noko nesten heile tida. Ein god del av veka er organisert gjennom læringsaktivitetar og resten av veka er lagt opp slik at elevane, utan å tenkje over det, tileignar seg mest mogleg kunnskap og ferdigheiter. Det handlar sjølvsagt om fag, men òg kunnskap om seg sjølv. Ein travel kvardag er ei øving i seg sjølv – korleis få mest mogleg gode opplevingar ut av den tida me har.

Korleis steikje lefser på gamlemåten?
Korleis steikje lefser på gamlemåten?
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Elevane frå Rolland og Garnes har hatt samarbeidsøvelsar, faste oppgåver og  lange måltid i matsalen. Dei har hatt to fulle utedagar, bygdedag i tillegg til ankomst- og avreisedag. Dei har vore aktive frå klokka sju-halv åtte om morgonen til sengetid kl ti om kvelden. Stort sett alt dei har gjort, har skjedd saman med andre – dei har med andre ord måtte vera «supersosiale» i fem dagar.

Maksimal utnytting av både tid og materiale
Maksimal utnytting av både tid og materiale
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Utedagane var både like og ulike for skulane. Begge skular har hatt krigshistorie som tema og har tatt turen opp i Hålandsdalsfjella for å kjenne det litt på kroppen. Rolland hadde ein dag med Kikedalen som mål, medan Garnes nytta eine utedagen på Vengsvatnet og studerte fisk. 30 fisk på to garn var ei oppleving i seg sjølv…

Veden må i hus og tørkast
Veden må i hus og tørkast
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Me har hatt bygedag der me har prøvd oss på mang ei ulik oppgåve utan bruk av moderne hjelpemiddel og der familien Håland tok imot oss ei kveldsstund.

Fredagen vart, som vanleg, gjennomført med utpakking og rollespel i gamle Holdhus kyrkje. Strks etter lunsjen var inntatt, var bussturen heim neste på tapetet. Vonarleg er det fleire av elevane som har erfart at det er ikkje farleg å ha det litt travelt – me får tross alt gjort ganske mykje på det viset.

Arbeid i smia krev både ei stødig hand og verneutstyr
Arbeid i smia krev både ei stødig hand og verneutstyr
Bilde: Hålandsdalen leirskole
Skulestova i Gamleskulen
Skulestova i Gamleskulen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Takk for ei flott veke!

Under lunsjpausen i Kikedalen
Under lunsjpausen i Kikedalen
Bilde: Hålandsdalen leirskole