Tida me er inne i no kan trygt, etter samisk tradisjon, kallast haustsommar. Større temperaturforskjellar mellom dag og natt gjer at elevar på leirskule må kle seg både for haust og for sommar på ein uteadag. Denne veka har elevane frå Ulsetskogen og Fridalen, blant anna, fått oppleve kjølige og fuktige morgonar som utover dagen blir både varme og tørrare.
Det har, for så vidt, vore ei leirskuleveke med mykje vatn involvert. Begge skulane har hatt ein full utedag på Vengsvatnet der fokuset har vore garntrekking, fisking og undersøkelse av fisk. Me har fått både aure og røye i garnet og elevane har sjølve vore med på å vurdere «helsetilstanden» til eit utval av fiskane. Dei er i tillegg blitt nøye studert både utvendig og innvendig av ivrige elevar.
I tillegg har begge skular vore til Kikedalen. Turen innover Gjønavatnet i kano er spektakulær med bratte fjellsider og fossar som stuper ned i vatnet. Tema for denne dagen var å meistre kanopadling, finne bevis i landskapet for at istider har forma landskapet vårt. I tillegg har det handla om busetnad inne Kikedalen tilbake i tid.
Onsdag var bygdedag. Me var maks heldige med været då elevane fekk prøve seg på ulike typar handverk og, meir eller mindre, fysisk gardsarbeid. Etter lunsj var det tid for friluftsaktivitetar i leirskulen sitt nærområde. Ein travel bygdedag vart, som vanleg, avslutta med besøk hjå familien Håland rett før leggetid.
Ei leirskuleveke er travel, ingen tvil om det. Men erfaringane er som så at dess meir me rekk å halde på med i løpet av veka, dess større er sjansen for å skape gode opplevingar for elevane.
Vipps så er det blitt fredag og avreisedag. Ei ny veke på haustsommar-leirskule er slutt.
Takk for ei kjekk og trivleg veke i lag med elevar og lærarar frå Ulsetskogen og Fridalen.