Ei leirskuleveke handlar, mellom anna, om dette friluftslivet. Ordet vart først kjend då Henrik Ibsen nytta det i diktet «Paa vidderne» i 1859 – ca eit ti-år før stiftinga av Den norske turistforening (1868) og Norges jeger- og fiskerforbund (1871). Fram mot unionsoppløysinga i 1905 vart det satsa hardt på tilrettelegging av opplevingar utandørs i Norge – det kom tross alt tusenvis av tilreisande kvart år, i stor grad for å oppleve det spektakulære ved norsk natur. Enten i form av jakt, fiske, fjellturar, fossar eller isbrear. Det norske friluftslivet var dermed kome for å bli…
For elevane som er på leirskule dannar dette bakteppet for mykje av det me held på med av uteundervisning. Me knyter friluftslivet saman med andre kompetansemål, til dømes kanopadling og fotturar som transportmetode for å nå fram til plassen der undervisninga går føre seg. I tillegg får elevane øve seg på ulike friluftsteknikkar og aktivitetar medan dei er i Hålandsdalen - bålfyring, rett påkledning, pakking av sekk osb.
Sist, men ikkje minst, nyttar me heile onsdag ettermiddag til friluftsaktivitetar. Her får elevane vera med å velje kva for ein aktivitet dei deltek på – denne veka var det kajakkpadling, klatring, metalldetektor, fiske og roing samt matlaging ute som stod på programmet.
Elles gjennom veka så har alle vore på vatn og padla kano. Mjølkeråen var på Vengsvatnet der fisk var hovudtema for undervisninga. Søråshøgda nytta tysdagen i Kikedalen der fokuset var middelalderhistorie og landskapsformer.
Torsdag var begge skulane i skogen. Sentrale tema for dagen var allemannsretten, naturkjennskap, bål og bruk av kompass.
Onsdag hadde bygdedagstema på føremiddagen og friluftsaktivitetar om ettermiddagen. Som vanleg vart bygdedagen avslutta med besøket i stova hjå familien Håland.
I skrivande stund er det blitt fredag ettermiddag og leirskuleveka er akkurat ferdig. Straks etter lunsj var det avreise og heim til ei velfortjent helg.
Takk for denne gongen til elevar og lærarar frå Mjølkeråen og Søråshøgda.