Kontrasten til været førre veke kunne nesten ikkje vore større. På mange måtar var har me nok hatt ei veke der kvar enkelt av elevane har måtte jobbe med seg sjølv. Dei førstedagane var våte – ikkje meir å sei om det, rett og slett våte. Då blir det straks litt meir strevsamt med all uteaktivitet. På ei anna side kan me òg sei at dette er glimrande trening i korrekt påkledning og fornuftig pakking av sekk. Ikkje minst har det gitt verdifull trening i det å måtte «stå i det» over (litt) tid. Å pushe eigen grenser er ein annan måte å beskrive læring på – og her kan ei leirskuleveke som denne verkeleg bidra.
Gjennom veka har alle elevane hatt ei økt med samarbeidsøvelsar. Samarbeid inngår i det aller meste av ei leirskuleveke, så litt «gratis» trening i dette er absolutt på sin plass. Vidare har me nytta ein heil dag ute i skogen. Tysdag var ein våt dag, men like fullt brukande til ein dag i skogen med undervisningstema som allemannsretten og bruken av kompass.
Onsdag var bygdedag. Bygdedagen handlar i stor grad om å samanlikne verda me lever i, med verda på slutten av 1800-talet. I praksis så betyr det at alle elevar fekk prøve ut ein arbeids- og handverksaktivitet utan bruk av moderne teknologi. Denne måten å arbeide på skapar ein ekspolosjon av aktivitet i hjernen til elevane – noko som er særs positivt for læring.
Torsdag var begge skulane på vatn og med ein type båt som transportmiddel. Søråshøgda tok turen til Kikedalen i kano - med undervisningstema middelalderhistorie og landskapsformer. Mjølkeråen hadde Vengsvatnet som arbeisområde. Me nytta dels kano og dels robåt for å kome oss fram – og med undervisnistema fisk og garnfiske. Begge gruppene fekk kjenne litt på vinden i Hålandsdalen i løpet av dagen, men så lenge ein ikkje gir opp så er det utruleg kva ein kan få til.
Fredag var av den tradisjonelle typen. Med frukost, utpakking, rollespel i gamle Holdhus kyrkje og avsluttande lunsj. Med det var nok ei leirskuleveke ferdig.
Takk for no og god helg til lærarar og elevar frå Søråshøgda og Mjølkeråen.