Ein av idèane me har, me som arbeider ved Hålandsdalen leirskole, er å gje elevane ei lang rekkje med «eksplosjonar» inne i hjernen. Eksplosjonar, i den forstand, at me vil skape størst mogleg aktivitet i hjernen til elevane som er på leirskule. Moderne hjerneforskning viser oss at aktiviteten i hjernen er absolutt størst når me skal «gjøre det». Med andre ord handlar ei leirskuleveke, i stor, stor grad, om praktiske aktivitetar for å fremje mest mogleg læring.
Elevane frå Skjold og Ådnamarka har vore igjennom to fulle dagar med uteundervisning. Den eine dagen i kano til Kikedalen. Dette er ein undervisningsdag med tre hovudtema – kanopadling, koplinga mellom Bergen og Kikedalen på 1300-talet og dei synlege bevisa i landskapet på at is og istider har forma landskapet slik me ser det i dag. Den andre av utedagane våre gjekk føre seg i skogen, med våre eigne føter som transportmiddel. Denne dagen hadde òg tre hovudtema – (bruk av ) allemannsretten, bål og orientering med hjelp av kompass (gradorientering).
Begge dagane med uteundervisning er praktisk retta, men det er òg, i aller høgste grad, bygdedagen vår. Dette er dagen då me fjernar det meste av moderne teknologi – og elevane deretter får prøve seg på ein type handverk eller håndarbeid. Grunna værmeldingane, uværet Jakob, la me bygdedagen til torsdag. I tillegg la me opp til dobbel bygdedag, altså bygdedagsaktivitetar både før og etter lunsj. Dette betydde då at elevane fekk prøve seg på to stasjonar. Dei stasjonane me hadde framme denne dagen var smia, lefsebaking, skinnarbeid, tønneprodusjon, trearbeid, toving og gamleskulen. Alle aktivitetane er lagt opp slik at elevane får brukt både hender og (litt) musklar – med mål om å skape masse aktivitet i hjernen.
Fredag ettermiddag er leirskuleveka over. I tillegg til ei lang rekkje aktivitetar, har elevane vore sosiale frå tidleg til seint kvar dag. Det er lov å vera litt trøtt no når helga er rett rundt hjørnet. Etter lunsj var det i alle fall tid for heimreise – etter ei veke med fokus på, som Peer Gynt ville sagt det, «å gjøre det».
Takk for no til alle som har vore på leirskule denne veka.