Ei veke på leirskule er «rigga» for å skape mange augneblikk og opplevingar. Nokre av dei er heilt spontane og tilfeldige, medan andre er ein planlagt del av eit større bilete – nemleg som ein del av skulelivet til elevane som er på besøk. Undervisningstema me har på leirskulen er tilpassa til å vera ein del av undervisninga elevane i Bergen kommune får på mellomtrinnet. Tanken er at alle skular som er i Hålandsdalen skal kunne velge undervisningstema dei kan arbeide vidare med i etterkant av leirskuleveka. Mange av våre tema har direkte koplingar til Bergen medan andre er universelle. Leirskulen er ein liten del av skulelivet til elevane, men den skapar ei lang rekkje augneblikk som er mogleg å gripe fatt i og bruke vidare.
For elevane frå Kronstad og Mathopen plukka lærarane undervisningstema for to utedagar. Begge skular har hatt ein dag i fjellet, i retning Botnavatnet. Undervisningstema var krigshistorie og koplinga mellom flyslepp gjennomført i Hålandsdalen 1944-1945 og planlagde sabotasjeaksjon(ar) i Bergen. Ein, liten, ekstra detalj for dette tema, er at denne veka er det nøyaktig 80 år sidan første flyslepp vart gjennomført.
Det andre tema lærarane hadde valgt var ein dag på Vengsvatnet med kanopadling, robåtar og fisk. Her fekk elevane prøvd seg i kano og i robåt. Me har trekt garn og studert fisk frå garnet. Fisken er studert både på utsida og på innsida(les sløyd) – i tillegg blei det ein liten smakebit av nysløyd fisk. Mat av den svært kortreiste sorten…
Onsdag var bygdedag. I mindre grupper fekk elevane prøve seg på aktivitetar som likna livet på den norske landsbygda på slutten av 1800-talet. Her var det variasjon mellom svært fysiske oppgåver som skogsarbeid og vedarbeid – til dei meir finmotoriske. Fellesnemnaren er at det aller meste gjekk føre seg utan bruk av moderne teknologi. Etter lunsj var det tid for friluftsaktivitetar – på same måte som bygdedagsaktivitetane skjedde dette i mindre grupper i nærområdet til leirskulen.
Fredag var avreisedag. Utpakking, kyrkjebesøk og avsluttande lunsj stod på programmet før bussane stod klare til å frakte elevar og lærarar heim etter ei vel gjennomført leirskuleveke.
Takk for kjekke dagar saman med lærarar og elevar frå Kronstad og Mathopen – «Carpe diem».