For elevane frå Salhus og Ytre Arna handla onsdagen, mellom anna, om å
litt betre kjend med tradisjonen rundt juletreet. I tillegg er «vesle julaftan» dagen for det store julebadet – eit skodespel der elevane sjølve viser fram ulike moment knytt til hygiene rundt juletider i gamledagar.
Juletretradisjonen kom til Norge saman med auka kontakt med resten av Europa - utover på 1800-talet. I byane vart skikken meir eller mindre kopiert, mens på landsbygda voks det fram ein eigen vri. På landsbygda var det ikkje nødvendigvis det beste (les finaste) treet som fekk vera juletre, men gjerne eit tre som hadde dårleg potensiale som byggjematerial i framtida. Løysinga på ei slik estetisk utfordring var gjerne å setje inn nye greiner – omtrent som om juletreet var eit byggjesett som måtte monterast.
Sjølv om me på leirskulen ikkje føl «byggesett»-linja ved val av juletre, så er det like fullt eit moment me kan ta opp når me har ein dag i skogen der
målet er å kome heim med eit juletre.
I tillegg har me denne veka helde på med handverk – me har laga mat fram mot julefeiring, me har laga ulike handverksprodukt og ikkje minst ulike typar julepynt. Alt dette, og meir til, har vore oppbyggiga til «julekvelden» torsdag samt første juledag på fredag.
Med dette var nok ei veke på juleleirskule komen til ende. Takk for ei kjekk veke saman med elevar og vaksne frå Ytre Arna og Salhus.