På veg til kyrkje 1. juledag
På veg til kyrkje 1. juledag
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 50 - Ulsetskogen og Kyrkjekrinsen

Fredag på juleleirskule og det som skal førestille første juledag – med alt av skikkar og tradisjonar som fylgde med i gamledagar. Dette var noko av det besøkjande elevar og lærarar fekk vera med på.

Gamle Holdhus kyrkje klar til å ta imot besøk
Gamle Holdhus kyrkje klar til å ta imot besøk
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Første juledag skulle først og fremst alt det beste fram på frukostbordet. Julekvelden med festmiddag og julekveldsfeiring var tross alt unnagjort – sjølve julefeiringa var godt i gong og det var lov å unne seg det «lille ekstra» etter eit langt arbeidsår. På frukostbordet fredagar på juleleirskule kjem både det alle beste smøret, kjøtpålegget og leverposteien. Alt det gode som elevane var med på å lage tysdag.

Juledagsgudsteneste gjennomført som eit rollespel
Juledagsgudsteneste gjennomført som eit rollespel
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Etter juledagsfrukosten var det tid for juledagsgudsteneste – framført som ein døme på korleis ei slik kunne vera for folk i Hålandsdalen tilbake i tid. Viss me ser litt nøye etter så er det ein form for symbolikk i det aller meste knytt til både juledagsgudstenesta og julefeiringa i seg sjølv. Me finn døme på det heilt opp til våre dagar – om enn i ei litt anna form enn på 1800-talet.

Vekas produksjon av eplesaft
Vekas produksjon av eplesaft
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Elevar og lærarar fekk oppleve ein juleleirskule der mykje har skjedd. Julesnøen let vente på seg, men aktivitetane let seg ikkje stoppe av det. Elevane har øvd seg på samarbeid, laga ei rekkje ulike produkt – både matvarer og andre handverksgjenstandar. Som om ikkje det var nok har dei vore ein dag i skogen der dei har laga gruppebål og funne juletre. Vidare vart julefeiringa gjennomført i gamal stil og med fredagen godt i havn var det berre å finne seg plass i bussen og ta sikte på vegen heim.

Pølsene klare til røyking i eldhuset
Pølsene klare til røyking i eldhuset
Bilde: Hålandsdalen leirskole

I tillegg kan det òg nemnast at me har hatt besøk av NRK Norge Rundt denne veka – eit lite team som var med oss gjennom heile tysdagen. Resultatet av dette besøket er å finne både på NRK-nett og som fredagsunderhaldning på TV. 

Resultatet frå handverksstasjon toving på tysdag
Resultatet frå handverksstasjon toving på tysdag
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Med dette var den nest siste veke med juleleirskule i 2024 ferdig. Den eigentlege julehøgtida nærmar seg med raske steg – berre ei god veke att.

God helg til alle besøkjande elevar og lærarar frå Kyrkjekrinsen og Ulsetskogen.