Julefeiring og symbolikken i julepynt
Julefeiring og symbolikken i julepynt
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 51 - Paradis

«Nå har vi vaske golvet og vi har børi ved Og vi har sett opp fuggelband og vi har pynte tre’ Nå sett vi øss og hvile og puste på ei stund imens je rugge vogga, så bror din får en blund».

Julefeiring handlar om historie
Julefeiring handlar om historie
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Årets siste juleleirskule er historie. I fem veker til ende har elevane lært om tradisjonell norsk julefeiring. I praksis vil dette sei førebuingane fram mot jul og vinter, samt døme på ei julefeiring slik den kunne vore på slutten av 1800-talet. Årets siste veke før den ekte julefeiringa var av den litt kortare slaget – rett og slett med avreise direkte etter frukost fredag for elevar og lærarar frå Paradis.

Korleis er det pølser blir til?
Korleis er det pølser blir til?
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Utgongspunktet er, som gjennom heile året, korleis livet var på landsbygda. Folk flest var gjerne ei blanding mellom handverkarar og gardbrukarar. Eit av momenta me tek opp er kva arbeidsoppgåver som var nødvendige å ha fullført før mørketida, julefeiringa og vinteren sette inn for fullt. Mellom anna handla det som bruk av utmarka, spesielt skogen, for å skaffe dei «råvarene» som trongst gjennom vinteren. For oss på juleleirskule munnar dette fokuset ut i både tilberedning av julemat, produksjon av ulike gjenstandar samt tradisjonane rundt juletre og juletrehogst.

Kinning av smør til jul
Kinning av smør til jul
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Vidare utover veka har me vore innom «det store julebadet» - eit skodespel som viser den tids hygienepraksis. I tillegg er dette med på å byggje opp veka fram til sjølve julefeiringa torsdag kveld. Men før sjølve feiringa startar, ja, då må all julepynten og juledekorasjonane lagast og setjast i stand.

Lefsebaking på gammalt vis
Lefsebaking på gammalt vis
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Siste veke på leirskule i 2024 vart avslutta med ein ekstra lang 1. juledagsfrukost – der kun det beste av mat var sett fram. For elevane var det deretter utpakking før avreise var eit faktum.

Smeden sitt arbeid på leirskulen
Smeden sitt arbeid på leirskulen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Etter fem veker til ende med juleleirskule har me prøvd å gje elevane svar på fylgjande spørsmål:

Kva er historien bak mange av dei juletradisjonane me kjenner til i dag?

Takk til elevar og lærarar frå Paradis for ei leirskuleveke i «julemodus». 

Juleleirskul og arbeid med ull
Juleleirskul og arbeid med ull
Bilde: Hålandsdalen leirskole

God «ekte» julefeiring til alle frå oss ved Hålandsdalen leirskole.

"Jule"klokker som pynt til jul
"Jule"klokker som pynt til jul
Bilde: Hålandsdalen leirskole